Ei perle for deg som vil leve landleg,

i ei vital bygd med naturen tett på.

Lårdal er ei lita bygd i Vest-Telemark ved innsjøen Bandak. Her bur i overkant av to hundre menneske. Hit kjem våren tidleg, i den frodige Lårdals-gryta veks eple, valnetar og druer. På vinteren ligg snøen djup i øvrebygda og vegen er stutt til fantastiske skiløyper.

Lårdal er rik på industriell og kulturell historie frå den gong bygda var eit knutepunkt for ferdselen langs Telemarkskanalen og sentrum i kommunen. I dag ein vakker og fredeleg stad med vilt variert natur og eit aktivt bygdemiljø. Ein kan stadig kome hit vassvegen, heilt ifrå kysten med kanalbåt, eller vandre den heftige himmelturen Lårdalsstigen!

Les mer om foreininga

Lårdal Vel

Lårdal Vel jobbar for å utvikle Lårdal og skape aktivitet i bygda.