Aktivitetshuset

Eikbygget er den tidlegare skulen i Lårdal, som Lårdal Vel har fått driftsansvaret for. Vi får tilskot av Tokke Kommune til dette, og i 2017-18 rusta vi opp med støtte frå Gjensidigestiftinga og mykje dugnadshjelp frå gode bygdefolk.

Eikbygget inneheld bibliotek, kinorom, treningsrom, ungdomsklubb i kjellaren, møterom og kontor.

Det er gratis å leige huset for foreldrestyrt skuleaktivitet, barnehagen, lag og foreiningar i bygda. Pris for barnebursdag: 350,- og for private arrangement: 600,-

Vi ynskjer fyrst og fremst aktivitet i huset, men må finansiere drifta. Kurs og andre positive tiltak som ikkje gjev inntekter ser vi med velvilje på. Inntektsgjevande arrangement må betale 600,-

Huset må bli rydda og reingjort etter arrangement. Husvask kan bli utført for 500,- av May Helen, tlf. 98865260

Vi har kontor, med god internettilgang, til rimeleg leige. Ta kontakt!

Årsavgift for bruk av treningsrommet er 250,- for einskildperson, 500,- for familie. Betal via vipps til 26835 eller til kontornr. 2685.07.03689. Hugs å skrive namn og kven det gjeld! Så sender du ei melding til Arne Djuve på telefonnummer 92632861 om at du har betalt, og får kodane til inngangsdør og trimrom i retur. Du kan også betale for enkeltbesøk, 20,- via vipps eller kontant i boksen ved vasken. Då må du vere med ein som har kodane. Born under 16 år får ikkje trene åleine. Rydd opp etter deg og sei ifrå om utstyr blir øydelagd.

Følg elles med på facebooksida til Lårdal Vel for å bli oppdatert på det som skjer! Sjå også eigne facebooksider for Lårdal strikkekafé, ungdomsklubben, dametreninga, barnekoretLårdal Camping.