Foreninga

Lårdal Vel

Lårdal er ei lita bygd i Vest-Telemark ved innsjøen Bandak. Her burd det i overkant av 200 menneske. Til å ligge i øvre Telemark er klimaet nede ved Bandak godt . Her veks det eple,valnøttar og druer. Frå tidlegare tider var Lårdal eit komunikasjonssenter og ein industristad og kommunesenter i Lårdal kommune fram til 1964.

I dag er bygda ei lita bygd med eit aktivt nærmiljø og ein fin stad å bu for dei som likar naturen tett på og stille og roleg.

Lårdal har både lågland og fjell.

I dag er vi kanskje mest kjente for Lårdalstigen- «Himmelturen» som går frå Dalen til Lårdal og for kanalbåtane som går frå Skien til Dalen.

Lårdal Vel er velforeninga som arbeider for å utvikle Lårdal og jobbar for å gjeva lårdølane ulike tilbod.