Om Lårdal

Lårdal er ei bygd med stor variasjon, med sitt bratte landskap. Nedi bygda kan ein dyrke båt- og badelivet på sommaren, 72 meter over havet. Nokre få kilometer lengre opp i bygda ligg snøen djup på vinteren, med kort veg til fantastiske skiløyper. Turmoglegheitene er mange, og Lårdalsstigen er mest kjend, ei vandring frå det eine heftige utsynet til det andre.

I Lårdal kan ein få mykje hus eller småbruk for pengane. Vi har fine hustomter og tilskot til bustadbygging, kjøp og renovering av eldre hus dersom ein er under 35 år, sjå tokke.kommune.no. Litt eldre bustader kan gå for ein million. Her er glimrande høve for å drive hobbylandbruk, frukt- og hagedyrking. Og for jakt og fiske i skogane.

Lårdal ligg tre timar unna Oslo, to timar unna Skien. Haukeliekspressen går fire gonger i døgnet med stoppestad i nabobygda Høydalsmo, mot Oslo og Bergen. Frå mai til september kjem dei tradisjonsrike kanalbåtane Victoria og Henrik Ibsen innom dagleg, på ruta mellom Skien og Dalen.

Barnehagen ligg i øvre Lårdal, barne- og ungdomsskule i Høydalsmo og vidaregåande på Dalen. Eikbygget er til bruk for alle i bygda som vil lage aktivitet av ymse slag. Les meir om aktivitetshuset Eikbygget her!